Stillingsannonse
Undervisningsinspektør og lærar
Region(er): Sogn og Fjordane
Yrkeskategori(er): Barnehage og grunnskole

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn - sentralt mellom byane Førde og Bergen (ca 1 time med bil frå Førde og 2 timar frå Bergen). Her hjå oss kan du rusle langs vasskanten eller bestige høge fjell som t.d. Lihesten. Her er gode jakt og fiskevilkår. Fritidsaktivitetar kan du drive på eiga hand eller gjennom organisasjonar som m.a. idrettslaget (biljard, bogeskyting, fotball mm), kulturskule, kor, skyttarlag, 4H, Røde Kors, musikklag, ungdomslag/teaterlag og bygdelag. Kommunen har om lag 1.500 innbyggjarar som ventar på deg og dine.
To pedagogstillingar: - Undervisningsinspektør/lærar - SAK 12/39
Vikariat - eller fast tilsetting for søkjar med relevant utdanning.
Hyllestad skule har kring 200 elevar frå 1.-10.årssteg og er aktiv i skuleutvikling og vidareutdanning av lærarar. Skulen legg stor vekt på god klasseleiing, inkluderande opplæring og vurdering for læring. God fagleg og sosialpedagogisk kompetanse er grunnleggande for lærarar. Vi tilbyr faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Hyllestad skule har ledig vikariat som undervisningsinspektør i 100 % stilling tillagt 50 % undervisning. Stillinga er ledig frå snarast og ut skuleåret. Til stillinga som undervisningsinspektør ligg m.a. oppgåver som informasjon, bemanning, personalspørsmål og noko ansvar for skuleutvikling.
Hyllestad skule har kring 30 % ledig lærarstilling i matematikk for ungdomssteget. Vi ønskjer oss ein lærar med minimum 60 studiepoeng innan faget. Vi har i tillegg ledig kring 70 % lærarstilling i vanlege skulefag, gjerne kunst og handverk/ norsk.
Stilling som lærar kan bli mellombels eller fast, avhengig av kvalifikasjonar. Kontaktlærarteneste må påreknast. Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt ved tilsetting.
Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. Tilsetting på vanlege kommunale vilkår. Den som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Nærare opplysingar om stillinga får du hos rektor Kjersti Søvik, tlf. 57789551.
Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan verte offentleggjort, sjølv om søkjar har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall verte kontakta på førehand.
SØKNADSFRIST: 29.01.2012
Vel møtt som søkjar i Hyllestad kommune!
Krav til kompetanse
• Utdanning: Allmennlærerutdanning, annen, lavere nivå
Arbeidssted:Hyllestad
Type stilling:Vikar, Dagtid, Deltid, Heltid
Antall stillinger:2
Søknadsfrist:29.01.2012
Søknad merkes:12/39


























